Til konfirmantane og  føresette, informasjon vår 2021



 
Vi er lei av å skrive det, lei av å høyre det, men; «det er eit annleis år» og det gjeld også konfirmantåret 20/21! 
Det mange lurar nok på er kva som skjer?  Slik situasjonen er no så kan vi ikkje svare sikkert på det, men vi kan saktens planlegge for å få gjennomført samlingar i konfirmasjonsførebuinga. Det vil uansett vere opp til styresmaktene om vi kan gjennomføre planane.
 
Konfirmantweekend:
Denne var sett til vinterferien. Tenkt med to fortløpande leiarar frå onsdag til fredag og fredag til søndag. Vi ser at det kan bli vanskeleg å gjennomføre. Både med tanke på antall deltakarar og smittevernmessig med to leiarar rett etter kvarandre der den ene leiren dreg evt smitte over til den andre leiren før det vert oppdaga.
 
Då vi fekk tilbod om nye datoar på Orreneset ynskjer vi å planlegge for det i håp om at det kan gjennomførast. Dei nye datoane er : 12.-14. mars og 19.-21. mars. Dersom det skal kunne gjennomførast slik vi tenker må vi ha opning for minimum 50 deltakarar pr helg. Då må ei av klassane delast i to for å få antallet til å gå opp. Dette må vi komme tilbake til. Noter begge datoane foreløpig.
 
Konfirmantlaurdagar:
Det ser ikkje ut til at «normale» laurdagssamlingar (med aktiviteter, grupper og mat) kan gjennomførast. Ein må i beste fall samle konfirmantane klassevis til rein forelesningsundervisning. 
Per no er kyrkjene stengd for alt anna enn gravferder fram til 19.jan. Om smittetrykket ikkje er gått ned innan den tid så vert nok dette utvida. Igjen, vi planlegg for å samle konfirmantane og så ser vi korleis det blir etter kvart. Hald av desse datoane for konfirmantlaurdag:  13.februar og 17.april. Nærare info om tid og stad kjem seinare.
 
Konfirmasjon:
Foreløpig er det ingen signal om at datoene blir endra. Kva forutsetnader som blir ang antall  gjester osb veit vi ikkje enno. De får info så snart vi veit.
 
Kva kan vi uansett gjere som konfirmant??
 
-Dersom du er nettkonfirmant så kan du prioritere å gjere oppgåvene på nett. Bed foreldre og føresette følgje opp dette!!
-Dersom du er KRIK konfirmant så møter du når det er sett opp samling.
-Når det er annonsert for gudsteneste i Nyss eller på www.sykkylven.kyrkja.no kan du delta på lik linje med alle andre (innan det antall som vi til ein kvar tid har lov til å ha som deltakarar) . Du fyller ut skjema for konfirmanter om ting som skjer i gudstenesta og leverer inn (minimum 4 ganger)
 
Vi håper og ber om at vi alle får halde oss friske og at vi kan få til å treffast i halvåret som ligg føre!
 
Beste helsing frå Katrine, Rose, Simen og Erlend
 

Tilbake